Talet på brønnkontrollhendingar har ikkje vist ein klår nedgåande trend dei siste åra, ref. publiserte hendingsstatistikkar i dei siste års årlege RNNP-hovudrapportar. Årsaksforhold til brønnkontrollhendingane på norsk sokkel vart undersøkt gjennom ein kvantitativ djupnestudie av brønnkontrollhendingar i 2022, publisert i RNNP-hovudrapport 2023, og som sjølvstendig rapport.
Ein del brønnkontrollhendingar på norsk sokkel skjer under boring av borehol gjennom dei øvste formasjonane under havbotnen. Slike boreoperasjonar blir gjerne omtala som boring av «pilothol» eller «topp-hol»-seksjonar. Desse hendingane er forårsaka av grunne gassførekomstar eller grunne vasstraumar som kan finnast i formasjonar. Enkelte år utgjer slike hendingar ein stor del av alle brønnkontrollhendingane på norsk sokkel.
Denne fagstudien vart difor sett i gang av Havtil i 2024 for å prøva å identifisera retningslinjer og beste praksis-metodikk som kan bidra til å mogleggjera reduksjon av risiko og uvisse for å kunna unngå nokre av desse hendingane. Ein del av denne ambisjonen var å kunna bidra til å identifisera gode metodar for å kommunisera risiko for grunne brønnkontrollhendingar, gjennom prosessane for datainnsamling, datakvalifisering, brønnplanlegging og i gjennomføringsfasar av boring av slike grunne formasjonar.
Vedlagt finn du rapporten (berre på engelsk) frå studien.