Det er i denne studia belyst utfordringar med subsea infrastruktur som har ulik design, alder, levetid og tilstand, og der ein har hatt eller forventar endringar i driftstilhøva.

Uavhengig av kva designstandardar som er brukt og kva føresetnader som ligg til grunn for drifta, er det her sett på korleis ein handterer endringar i drift og samtidig tilfredsstiller krav i forskrifter til barrierestyring, risikoreduksjon, kontinuerleg forbetring og læring og erfaringsdeling.

Det er og sett på korleis ein for røyrleidningar og undervassanlegg i drift vurderer og implementerer ny kunnskap, metodar og teknologi for ei betre integritetsstyring.

Relevante studiar

Vi fekk i 2020 utført to studiar knytt til rørleidningar og undervassanlegg av Wood og DNV.

Den første studia fokuserte i stor grad på design og føresetnader før anlegg er i drift medan den andre studia såg på korleis ein betre kan utnytte tilgjengeleg kunnskap og informasjon til å få ei betre integritetsstyring subsea.

I denne rapporten er det teke utgangspunkt i desse to studiane frå 2020 og det er bygd vidare på resultat og konklusjonar. Det er her forsøkt å belyse korleis ein kan sikre ei betre styring av den tekniske integriteten til røyrleidningar og undervassanlegg i drift, og korleis ein sikrar at erfaringar og kunnskap blir nytta til å redusere risiko.

Behov for systematisering av informasjon

Å ha kontroll på tilstand og integritet for røyrleidningar og undervassanlegg i drift er ein sentral føresetnad for å unngå hydrokarbonlekkasjar, redusere risikoen i drift og oppretthalde eit høgt sikkerheitsnivå i petroleumsverksemda.

Det er mykje informasjon tilgjengeleg gjennom data frå normal drift, instrumentering, inspeksjonar, modifikasjonar, hendingar, granskingar osv. Det er framleis eit potensiale for å systematisere denne informasjonen betre og nytte moderne verktøy og teknologi for å få meir og betre informasjon om integriteten til systema. Rapporten peikar på at det er ei for svak og lite systematisk tilnærming til korleis ein skal nytte tilgjengelege informasjon til betre styring av integritet og bidra til kontinuerleg forbetring og risikoreduksjon. 

Regelverket

Gjennom blant anna styringsforskrifta §4 om risikoreduksjon, §5 om barrierar, §7 om mål og strategiar, § 9 om akseptkriterie for storulykkesrisiko og miljørisiko og §23 om kontinuerleg forbetring, er det krav til at den ansvarlege i alle fasar av petroleumsverksemda skal ha kontroll på barrierane, fastsette og vidareutvikle mål og strategiar og etablere akseptkriterie for storulykkerisiko og miljørisiko. Dette er eksempel på deler som ein skal følgje opp for å sikre at ein tilfredsstiller krav til risikoreduksjon og kontinuerleg forbetring.

Vidare er det i aktivitetsforskrifta § 20 om oppstart og drift av innretningar, §21 om kompetanse og § 50 om særskilte krav til tilstandskontroll av konstruksjonar, maritime system og røyrleidningssystem krav til drift av innretningar med omsyn til tekniske løysingar, organisering og kompetanse som skal bidra til sikker drift og sikre læring og deling av erfaringar.

Arbeidet har omfatta følgjande tema med referanse til integritet for røyrleidningssystem og undervassanlegg i drift: 

  • handtering av risiko i drift
  • kontroll på barrierar
  • mål, strategiar og akseptkriterie for storulykke og miljørisiko
  • drift av innretningar inkludert tekniske løysingar, organisering, kompetanse og endringsstyring,
  • vedlikehald og inspeksjon
  • endringar og modifikasjonar
  • oversikt over teknologiar og løysingar som kan bidra til risikoreduksjon og kontinuerleg forbetring.
  • initiativ til forbetring og deling av erfaringar