Arrangementet blir innleidd av forsvarsministeren og justis- og beredskapsministeren, før sjefane for dei tre tenestene presenterer sine vurderingar. Rapportane blir publiserte samstundes på etatane sine nettsider, og sendinga blir strøymd her: E-tjenesten, PST og NSM legger fram årets trusselvurderinger – regjeringen.no

Betydning for petroleumsverksemda

Havindustritilsynet (Havtil) vil følgja opp med ein eigen artikkel i etterkant av publiseringa, om kva dei siste trusselvurderingane betyr for vårt myndigheitsområde.

Om rapportane

  • I den årlege, opne trusselvurderinga «Fokus» gir Etterretningstjenesten si analyse av trusselaktørar og utviklingstrekk som tenesta meiner er særleg relevante for norsk tryggleik i året som kjem.
  • PST si årlege trusselvurdering er ei analyse av venta utvikling innanfor PST sitt ansvarsområde, inkludert terror, spionasje og truslar mot myndigheitspersonar.
  • NSM si årlege risikovurdering «Risiko 2026» bidreg til å sjå tryggleik i ein større samanheng. Myndigheiter og verksemder må verna seg mot truslane som Etterretningstjenesten og PST peikar på i sine trusselvurderingar. Rapporten skildrar korleis.