Artikkelen er henta frå Arbeidstilsynet sin nettstad, men innhaldet er òg svært relevant for petroleumsverksemda og annan havindustri. Havindustritilsynet (Havtil) har myndigheit for sikkerheit, arbeidsmiljø og beredskap innan havindustrien.
Arbeidstilsynet får jamleg henvendingar og tips om kurstilbydarar som tilbyr kurs som ikkje oppfyller krava i forskriftene. Ofte gjeld dette tilbydarar som berre tilbyr teoretisk opplæring, gjerne nettbasert, utan at det blir gitt praktisk opplæring før kursbevis blir utferda.
Andre utferdar kursbevis som også må signerast av andre (arbeidsgivar) for å dokumentere at praktisk opplæring er gitt. Det er derfor ofte vanskeleg å sikre sporbar dokumentasjon som viser at opplæringa er tilstrekkeleg.
Resultatet kan vere at Arbeidstilsynet underkjenner kursbeviset og ilegg arbeidsgivar gebyr eller straff.
Kva dreier saka seg om?
Arbeid i høgda er svært farleg, og kvart år skjer det mange alvorlege fallulykker. På grunn av ulykkesrisikoen både ved bygging av stillas og ved bruk av mangelfullt oppsette stillas, stiller regelverket strenge krav til arbeidsgivar om dokumentert opplæring av dei som skal byggje, montere, endre, demontere og bruke stillas.Det er krav om både teoretisk og praktisk opplæring. Arbeidsgivarar kan bruke eigne kvalifiserte medarbeidarar til å gi denne opplæringa, men mange vel å bruke eksterne kurstilbydarar for å oppfylle opplæringskrava.
Opplæring er arbeidsgivaren sitt ansvar
Arbeidstilsynet har ikkje heimel til å stanse useriøs kursverksemd, utover dei ordningane som er regulerte for opplæring gitt av sertifiserte opplæringsverksemder. Kravet om at opplæringa skal vere gjennomført, og at ho skal vere god nok, er retta mot arbeidsgivar.
Arbeidsgivarar må derfor vere førebudde på at Arbeidstilsynet kan underkjenne kursbevis der det ikkje kan sporast kven som har gitt opplæringa, kva innhald og pensum opplæringa har hatt, og om kravet til praksis er oppfylt. Dersom Arbeidstilsynet finn at arbeidsgivar ikkje har sørgt for at krava til opplæring for montering, demontering, endring og kontroll av stillas er oppfylte, kan Arbeidstilsynet både gi pålegg om opplæring og ileggje overtredingsgebyr. Ved arbeidsulykker der manglande opplæring blir avdekt som ei mogleg bakanforliggjande årsak, risikerer arbeidsgivar også straff.
Andre døme på nettbasert opplæring som òg krev praktisk opplæring, er bruk av fallsikringsutstyr og personløftar.
Arbeidstilsynet minner også om at opplæring av arbeidstakarar skal gjentakast når det er nødvendig.
Tekst: Selena Konjhodzic Øverjord, Arbeidstilsynet.