Representantar frå ulike industriar i fleire ulike europeiske land vil bidra på webinaret.
Har oversikten
- OECD har det globale perspektivet og ser kor viktig det er å sjå og involvere på tvers av land og industriar, seier Linn Irèn Vestly Bergh som skal halde innlegg på webinaret på vegne av Havtil.
- I petroleumsverksemda kan KI-løysningar som kan påverke risikoen for storulykke, sikkerheitssystem, barrierar eller kritisk infrastruktur, bli sett på som høgrisikobruk av KI. Bruk av KI-modeller i operasjon, planlegging og beslutningsstøtte vil også direkte og indirekte kunne påverke sikkerheit, arbeidsmiljø, beredskap og sikring av petroleumsverksemda. Vår jobb er å fylgje opp næringa når det gjeld å styre risiko, mellom anna ved innkjøp og drift.
Havtil gjennomfører denne oppfylginga på fleire måtar, ved å bruke det funksjonelle, teknologinøytrale regelverket, hente inn kunnskap og å dele kunnskap.
Og deling av kunnskap er naturleg nok hovudmålet med webinaret 5. mars.
OECD
OECD (Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling) er eit globalt samarbeidsforum for økonomiske og sosiale spørsmål. Dei har mellom anna omfattande oppgåver knytt til standardsetting på ulike verksemdsområde.
OECD produserer viktig bakgrunnsmateriale for utforminga av norsk politikk i form av statistiske data og økonomiske analyser.Kjelde: regjeringen.no
Nyttig for næringa
- Dette vil være eit nyttig webinar å delta på for bransjen, her kan ein få læring og inspirasjon frå andre bransjar og land, og for kva prinsipp som bør leggast til grunn når ein skal jobbe med å førebygge og styre risiko når ein snakkar om bruk av KI i kritisk infrastruktur. Industri for industri er ikkje tent med å jobbe med dette åleine, avsluttar Bergh.
Tidspunkt: onsdag 5. mars kl. 14-16