Strategiorganet Energi2050 har fått i oppgåve å utvikla Noreg sin nasjonale forskings- og innovasjonsstrategi. Det er første gong det vert utarbeida ein FoU-strategi for heile energiområdet samla. Arbeidet følgjer mandat frå Energidepartementet og skal sikra auka verdiskaping og berekraftig ressursutnytting. Målet er å få på plass ein ferdig strategi mot slutten av 2026.

Omstilling

Noreg står ovanfor ei omfattande omstilling av energisektoren. Dei geopolitiske tilhøva og eit auka trusselbilete krev stor merksemd på forsyningssikkerheit og vern av kritisk infrastruktur. Den nye strategien skal gi retning for forsking og innovasjon som balanserer klimamål, energisikkerheit og økonomisk verdiskaping, samstundes som ein tek omsyn til sikkerheit og sikring. Dette inkluderer både tradisjonelle energikjelder og nye teknologiar som havvind, CO2-transport og -lagring og havbotnsmineralar.

Samstundes må Noreg utvikla regelverk for nye teknologiar utan å hemma innovasjon og konkurranseevne. Energi2050-strategien blir difor sentral for korleis Noreg posisjonerer seg som energinasjon i ei verd i omstilling.

- Det er eit stort behov for forsking både for utviklinga av petroleumsnæringa og dei nye næringane, seier Finn Carlsen, fagdirektør i Havtil og styremedlem i Energi2050.

HMS som konkurransefordel

Havtil har i løpet av dei siste åra fått utvida ansvarsområdet sitt til å omfatta heile energisektoren til havs, inkludert fornybar energiproduksjon og CO2-transport og -lagring.

– Norsk kontinentalsokkel har i løpet av fem tiår med petroleumserfaring utvikla betydeleg kompetanse på helse, miljø og sikkerheit. Denne kompetansen gjev Noreg eit stort fortrinn i utviklinga av nye energiteknologiar til havs. Sikkerheit blir dermed ein viktig konkurransefordel. 

Søkjer innspel

Energi20250-organisasjonen ønsker å henta inn forslag frå interessentar om kva som bør vektleggast i arbeidet.

Alle som har forslag, kan senda desse inn via dette skjemaet.

Den første runden med innspel er open ut september 2025, men det vil komma nye rundar etterkvart som grunnlagsrapportar og strategiutkast blir utvikla.

Les meir om Energi2050 på Forskningsrådet sin nettstad