Sett av datoen 25. september!
Innovasjonsdagen 2025 blir i år ein del av ULLTRA-festivalen som skal arrangerast på Ullandhaug den 25. og 26. september 2025. Festivalen, som er ein del av Stavangers 900-årsjubileum, har som mål å styrkje byen som ein studentby og kunnskapsregion. Arrangementet er meint å fremje innovasjon, kunnskap og framtidshåp blant unge menneske.
Vår Innovasjonsdag vil framleis ha fokus på innovasjon, teknologi og nytenking innanfor primært helse, miljø og sikkerheit i energibransjen. Men ved å leggje den til UiS, legg vi til rette for at også studentar kan delta og få verdifull innsikt i utfordringar og moglegheiter i denne bransjen, samtidig som vi får høyre kva studentane tenkjer og lurer på.
ULLTRA-festivalen vil samle studentar, forskarar og profesjonelle frå ulike felt, og skape ein arena for samarbeid og utveksling av idear.
- Vi er veldig glade for at Havindustritilsynet involverer seg i festivalen og arrangerer Innovasjonsdagen sin på det nye studenthuset på campus Ullandhaug, seier prosjektleiar for ULLTRA, Helene Gram.
Program kjem snart…