Dette blir nytt frå 1. april 2023:
- Moglegheita til innleige «når arbeidet er av midlertidig karakter» blir oppheva. På enkelte område vil det gjelde nokre særreglar, sjå nedste punkt.
- Det vil ikkje lenger vere moglegheit til å leige inn frå bemanningsforetak til byggeplassar i Oslo, Viken og tidlegare Vestfold. Forbodet mot innleige vil gjelde alle fag på byggeplassar, så lenge dei er omfatta av dei aktivitetane som inneber «bygningsarbeid» i forskrifta.
- Retten den innleigde arbeidstakaren har til fast tilsetting i innleigeverksemda, vil styrkast ved at innleige etter avtale med tillitsvalde også skal gje rett til fast tilsetting etter ei viss tid. Retten inntrer etter tre år.
- Ei ny føresegn i arbeidsmiljølova presiserer og tydeleggjer den rettslege grensa mellom innleige og entreprise.
To unntak til den generelle innstramminga:
- Det eine unntaket gjeld innleige av helsepersonell for å sikre forsvarleg drift av helse- og omsorgstenester. Slik innleige vil vere lov når arbeidet er av midlertidig karakter. Arbeidsgjevar skal drøfte behovet for innleige med dei tillitsvalde.
- Det vil også gjelde eit unntak for innleige av arbeidstakar med spesialkompetanse som utfører rådgjevings- og konsulentteneste. Slik innleige må gjelde eit klart avgrensa prosjekt i verksemda som leiger inn.
Endringane trer i kraft 1. april og med overgangsreglar på tre månader på nokre felt.
Du kan lese meir om dei nye reglane for innleige på regjeringa.no