Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkedatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985 til 2022.

Auka aktivitet

I 2022 blei det innrapportert 89.960 timar i metting ved dykking på norsk og utanlandsk sokkel under norsk jurisdiksjon. Dette tilsvarar 295 diving support vessel (DSV) dagar og er nesten ei dobling av dykkeaktiviteten samanlikna med 2021.

Det blei totalt rapportert fire tilløp til hendingar, to førstehjelpsskader og to mistenkte øyreinfeksjonar, ved mettingsdykking i 2022. Det var ingen tilfelle av COVID-19.

I tillegg blei det rapportert inn 30 bemanna undervannsoperasjon (BUO) fartøydagar med 266 timar i vatn og to tilløp til hendingar ved overflateorientert dykking på norsk sokkel.

Nytt frå og med 2022 er innrapportering av dykkeaktivitet på landanlegg. Her har det blitt rapportert inn 83 BUO fartøydøgn med 480 timar i vatn på landanlegg og ingen hendingar.

Samanlikna med mettingsdykking er aktivitetsnivået for overflateorientert dykking offshore generelt lågt, og det har vore slik dei siste 25 åra. Det er likevel forventa at aktivitetsnivået tek seg noko opp på grunn av ny industriverksemd offshore.

Få personskadar

DSYS-oversikten viser at det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.

Definisjonar

Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet til arbeidsstaden i sjøen. Dykkaren oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfarty mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vera ein del av slik dykking.