Sidan den gong har dei mellom anna arrangert IRF-konferansen omlag kvart andre år. På desse konferansane møtes myndigheiter, industrien, forskarmiljø og andre for å presentere og drøfte tema som angår risiko, sikkerheit og miljøvern innan petroleumsnæringa, og fornybar energiproduksjon til havs.
I år er det den noverande leiaren av IRF, det australske NOPSEMA (National Offshore Petroleum Safety and Environmental Management Authority) som inviterer til konferanse i Perth, Australia 3.-4. oktober.
Grunna pandemien er det fem år sidan sist konferansen ble arrangert. I eit omfattande program, så vil Petroleumstilsynet, som representant for eitt av 11 medlemsland, bidra med foredrag og som deltakarar i paneldebattar.
Meir info, program og påmelding finn du her
Meir om IRF og deira arbeid: sjå video under.