Resultata er presenterte i vår årlege rapport frå dykkedatabasen DSYS. Rapporten inneheld statistikk og analysar basert på data frå perioden 1985 til 2018.

Aktivitetsnivå

I 2018 var aktivitetsnivået for mettingsdykking på 32.992 manntimar. Dette er ei dobling av dykkeaktiviteten samanlikna med 2017, men det er samstundes litt over halvparten av den gjennomsnittlege dykkeaktiviteten dei siste 10 åra. 

I 2018 blei det for overflateorientert dykking rapportert 766 manntimar i vatn, noko som er ei nær dobling av aktiviteten samanlikna med året før.  

Definisjonar

Mettingsdykking: Dykkaren jobbar frå ei dykkarklokke som transporterer dykkaren under trykk frå kammer på skipet til arbeidsstaden i sjøen. Dykkaren oppheld seg under trykk i kammer på dykkarfarty mellom arbeidsøktene (klokkeløpa).

Overflateorientert dykking: Dykkaren entrar vatnet på overflata, utfører jobben på den aktuelle arbeidsdjupna (mindre enn 50 meters djup), og returnerer til overflata. Ekstra kompresjon/dekompresjon i kammer på overflata kan vera ein del av slik dykking.

Få personskadar
DSYS-oversikten viser at det har vore få personskadar knytt til mettingsdykking dei siste 25 åra.