Tilsynet vart gjennomført i perioden desember 2025 til januar 2026.

Bakgrunn

Tilsyn med innleie- og likebehandlingsreglane etter arbeidsmiljølova og forskrifter er ein del av regjeringa sitt arbeid for eit seriøst og trygt arbeidsliv. Havtil skal føre tilsyn med at verksemdene følgjer lova og forskriftene sine vilkår for innleie og likebehandling innanfor vårt myndigheitsområde.

Mål

Målet med tilsynet var å følgje opp at TS Group sørgjer for at innleide arbeidstakarar minst blir sikra dei vilkåra som ville ha komme til anvending om arbeidstakaren hadde vore tilsett hos innleiar for å utføre det same arbeidet, når det gjeld vilkåra som er omtala i arbeidsmiljølova § 14‑12a første ledd.

Resultat

Det vart ikkje påvist brot på eller manglande oppfylling av regelverket knytt til likebehandling av lønns- og arbeidsvilkår ved utleie frå bemanningsføretak.

Tilsyn med innleie

Tilsynet med TS Group blei gjennomført i samanheng med vårt tilsyn med ConocoPhillips og deira bruk av innleid arbeidskraft. Her gjennomførte vi tilsyn med bemanningsføretaka som ConocoPhillips har opplyst at dei leier inn personell frå.

Rapporten frå tilsynet med ConocoPhillips kan du lese her: