Tilsynet vart gjennomført 10. september 2025.
Bakgrunn
Innsamling av naturdata offshore er sentralt i det kontinuerlige arbeidet med å holde oppe eit høgt sikkerheitsnivå i norsk petroleumsverksemd. Slike data er viktige underlag for etablering av sikker helikoptertransport og for utarbeiding av stadsspesifikke værprognosar i sanntid.
Mål
Målet var å føre tilsyn med at operatøren samlar inn naturdata og at desse blir handsama og formidla til relevante brukarar til rett tid slik at det bidreg til å forbetre HMS.
Resultat
Vi identifiserte eitt avvik under tilsynet knytt til manglar ved oversending av naturdata til Meteorologisk institutt.
Vidare identifiserte vi også eitt forbetringspunkt knytta til manglar ved oppfølging og valideringar.
Kva skjer no?
Me har bede Equinor innan 30. mars 2026 gjere greie for oss korleis avviket vil bli handtert, og gi oss si vurdering av det forbetringspunktet som vart observert.