Tema for tilsynet var telekom og kommunikasjonssystem. Tilsynet vart gjennomført i perioden 17. til 23. januar 2025 som eitt samordna tilsyn mellom Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ( Nkom) og Havindustritilsynet (Havtil).

Mål

Det primære målet med tilsynet var å verifisere at Transocean følgjer krav knytta til tekniske og operasjonelle forhold relatert til interne og eksterne kommunikasjonssystem. Dette for å sikre at barrieren er effektiv i dei definerte fare- og ulykkessituasjonane som kan oppstå på Transocean Enabler. Vi ynskte også å setja søkjelys på rolla til kommunikasjonsansvarleg, kompetansen hos operatørar av radiostasjon og teknisk personell og dessutan forbetre klassifisering og oppfølging av barrierelement knytta til kommunikasjonssystem. Nkom ynskte å verifisere frekvensbruk på innretninga og i nærområdet.

Resultat

Vi identifiserte sju avvik under tilsynet. Desse var knytt til:

  • Barrierestyring av kommunikasjonssystem og havovervaking
  • Vedlikehaldsprogram for radioutstyr
  • Telekominstallasjonar
  • Oppdatering av teknisk driftsdokumentasjon
  • Klassifisering av Ex-utstyr i klassifisert område
  • Beskyttelse mot antenning i eksplosjonsfarleg område
  • Beskrivelse av arbeidsprosess for bortfall av overvåking

Vidare identifiserte vi to forbetringspunkt. Desse var knytt til:

  • Sikring av intern og ekstern varsling i situasjonar med skip på kollisjonskurs
  • System for å sikra tilstrekkeleg kompetanse innan kommunikasjon for livbåtførarar

Kva skjer no?

Vi har bede Transocean innan 31. mars 2025 å gjere greie for korleis avvika vil bli handtert, og dessutan gi oss si vurdering av forbetringspunkta som vart identifisert.