Tilsynet vart gjennomført i perioden 7. til 21. november 2024.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisera at Transocean si styring av arbeidsmiljø og arbeidstakarmedverknad på Transocean Norge samsvarte med krav i regelverket.

Resultat

Under tilsynet identifiserte vi sju avvik. Desse var knytta til:

  • Analysar av arbeidsmiljøet
  • Ergonomisk tilrettelegging
  • Kjemisk helsefare
  • Merking og oppbevaring av kjemikaliar
  • Støy
  • Personleg verneutstyr
  • Opplæring

Vidare identifiserte vi eitt forbetringspunkt knytta til vibrasjonar.

Kva skjer no?

Vi har bede Transocean innan 7. april 2025 gjera greie for korleis avvika vil bli handtert, og gi oss si vurdering av det forbetringspunktet som vart observert.