Tilsynet vart gjennomført 21. – 23. januar 2025.
Mål
Målet med tilsynet var å følgja opp korleis Equinor handterer integritets- og barrierestyring av fleksible stigerøyr og prosessutstyr der KUI kan vera ein trussel. Vidare var det eit delmål å følgja opp prosjektgjennomføringa for Verdande og korleis selskapet sikrar at prosjektet blir gjennomført slik at sjansane for feil-, fare- og ulykkessituasjonar blir reduserte så langt som mogleg.
Resultat
Det vart identifisert eitt avvik knytt til oppdatering av styrande dokumentasjon.
Vidare vart det identifisert eitt forbetringspunkt knytt til planar for KUI-inspeksjon, overflate- og isolasjonsrehabilitering
Kva skjer no?
Me har bede Equinor innan 11. april 2025 gjera greie for korleis avviket vil bli handtert, og gi oss si vurdering av forbetringspunktet som vart observert.