Tilsynet blei gjennomført 14. - 15. august 2024 og inngår som ein del av vår behandling av Macro Offshore sin søknad om samsvarsutsegn (SUT) for Haven.
Mål
Målet med tilsynet var ved stikkprøver å sjå på korleis selskapet handterer oppfølginga av konstruksjonsrelaterte problemstillingar, spesielt knytt til fornying av klasse og ombygging av innretninga. Vi ønska å få innsikt i korleis relevant testing, inspeksjons- og vedlikehaldsplanlegging knytt til konstruksjonsrelaterte problemstillingar forgår før- og under sjølve klassinga og oppgradering av innretninga.
Resultat
Det blei identifisert eit forbetringspunkt knytt til appendikset til klassesertifikatet.
Kva skjer no?
Vi har bedt Macro Offshore innan 20. september 2024 gje oss si vurdering av forbetringspunktet som vart observert.