Tilsynet vart gjennomført 29. og 30. januar 2024.
Mål
Målet var å føre tilsyn med drift, vedlikehald og barrierar knytt til innvending tilstand av røyrleidningar for røyrsystem frå Norne via Åsgard transport til Heidrun og via Haltenpipe inn mot Tjeldbergodden og korleis selskapet jobbar med å hindre lekkasjar (loss of containment).
Vi ville vidare verifisere kva krav som blir stilt til barrierar, tilstandskontroll og vedlikehald knytt til denne funksjonen.
Resultat
Det vart ikkje påvist nokre avvik i dette tilsynet.
Det vart påvist to forbetringspunkt. Desse var knyta til:
- Læring og kontinuerleg forbetring
- Oppfølging og verifikasjonar
Kva skjer no?
Vi har bede Gassco og Equinor innan 15. april 2024 å gi oss si vurdering av dei forbetringspunkta som vart observerte.