Tilsynet vart gjennomført 23. og 24. april 2024.
Mål
Målet var å sjå til at Gassco og Kollsnes har ei samla tilnærming til oppfølging av integriteten for røyrleidningar som går inn og ut av Kollsnes på sjøsida. Vi har inkludert mottaks- og returanlegg for røyrleidningane, og følgt opp integritetsstyringa for røyrleidningane og landdelen på Kollsnes.
Resultat
Det vart ikkje identifisert avvik frå regelverket i dette tilsynet, men vi observerte to område med potensial for forbetring. Dette var knytt til grensesnitt og tilstand på isolasjon på røyr og ventilar.
Kva skjer no?
Vi har bedt Gassco innan 30. juni 2024 gje oss si vurdering av dei forbetringspunkta som ble observert.