Tilsynet vart gjennomført i perioden 27. til 29. november 2023.

Mål

Målet med tilsynet var å sjå til at Equinor og Mongstad har ei samla tilnærming til overflateprogram, korrosjon under isolasjon og aldring, og at gjennomføring av vedlikehald i selskapet, og for Mongstad landanlegg, er i tråd med krav i selskapet og i forskrifter.

Tilsynet er ein del av den årlege oppfølginga av storulykkebedrifter som skildra i storulykkeforskrifta. Koordineringsgruppa for storulykketilsyn etter storulykkeforskrifta har årlege tema for denne oppfølginga. For 2023 er dette temaet vedlikehald og aldring, som var ein del av dette tilsynet.

Resultat

Det vart ikkje identifisert nokre avvik i dette tilsynet.

Vi identifiserte tre forbetringspunkt

  • Planlegging og samordning av vedlikehald
  • Vurdering av risiko ved endringar i vedlikehaldsprogram
  • Oppfølging og utføring av analysar og risikovurderingar

Kva skjer no?

Vi har bedt Equinor gi oss si vurdering av dei forbetringspunkta som vart observert. Fristen for dette er satt til 5. januar 2024.