Tilsynet blei gjennomført i perioden 30. november til 2. desember 2022.
Mål
Målet med tilsynet var å sjå til at Gassco har ei samla tilnærming til overflateprogram, korrosjon under isolasjon og aldring, og at gjennomføring av vedlikehald i selskapet og for Kårstø landanlegg er i tråd med regelverket og selskapet sine eigne krav.
Resultat
Det blei identifisert eitt avvik knytt til mål og strategiar.
Det blei identifisert eitt forbetringspunkt knytt til måleparameter og indikatorar.
Kva skjer no?
Vi har bedt Gassco innan 24. februar 2023 gjere greie for korleis avviket vil bli handtert og gje oss si vurdering av forbetringspunktet som blei observert.