Tilsynet blei gjennomført i 2021.

Bakgrunn

Petroleumstilsynet har dei siste åra hatt ein del tilsyn med oppfølging av alarmsystem, både på boreinnretningar, landanlegg og på produksjonsinnretningar der vi har avdekka at alarmsystema ikkje møter selskapa sine krav. Vidare har vi i andre tilsyn sett at det er høge alarmrater og mange ståande alarmar.

Dette tyder på at det kan være manglar både ved oppfølginga av systema og forståinga av kva verknader høge alarmrater og mange ståande alarmar kan ha på arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma.

I 2021 gjennomførte vi tilsyn med kontrollromma på dei fleste norske innretningane og landanlegga.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at operatørselskapet følger opp alarmsystema og arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma i samsvar med regelverk og selskapa sine interne krav.

Resultat

I tilsynet med Tjeldbergodden vart det ikkje gjort observasjonar som er karakterisert som avvik, men vi fann eitt forhold som er kategorisert som forbetringspunkt. Dette gjaldt:

  • Mangelfull oppfølging av alarmsystem

Kva skjer no?

Vi har bede Equinor innan 31. januar 2022 gje oss si vurdering av det forbetringspunktet som blei observert.