Tilsynet blei gjennomført i 2021.

Bakgrunn

Petroleumstilsynet har dei siste åra hatt ein del tilsyn med oppfølging av alarmsystem, både på boreinnretningar, landanlegg og på produksjonsinnretningar der vi har avdekka at alarmsystema ikkje møter selskapa sine krav. Vidare har vi i andre tilsyn sett at det er høge alarmrater og mange ståande alarmer. 

Dette tyder på at det kan være manglar både ved oppfølginga av systema og forståinga av kva verknader høge alarmrater og mange ståande alarmer kan ha på arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma.

I 2021 gjennomførte vi tilsyn med kontrollromma på dei fleste norske innretningane og landanlegga.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at operatørselskapet følger opp alarmsystema og arbeidstilhøva for operatørane i kontrollromma i samsvar med regelverk og selskapa sine interne krav.

Resultat

I tilsynet med Mongstad identifiserte vi eitt avvik knytt til:

  • Mangelfull oppfølging av alarmsystem

Pålegg

Tilsynet identifiserte alvorlege brot på regelverket, og vi har gitt Equinor følgjande pålegg:

Med heimel i rammeforskrifta § 69 om enkeltvedtak jf. Teknisk og operasjonell forskrift § 21 om menneske-maskin-grensesnitt og informasjonspresentasjon og Teknisk og operasjonell forskrift § 33a om kontroll- og overvåkningssystemer pålegg vi Equinor Mongstad å

  • sikre at kvar enkelt operatørsuite som blir nytta til å overvake, kontrollere og styre produksjonsprosessane, har ei forsvarleg alarmrate og ikkje aukar faren for feilhandlinger som kan ha betydning for tryggleiken,
  • gjennomføre tiltak for å redusere alarmraten frå minst eit av dei aktuelle instrumenta som har vesentlege bidrag til alarmraten, jf. rapportkapittel 5.1.1: Mangelfull oppfølging av alarmsystem.

Fristen for å etterkome pålegget er 01.06.2022. Vi skal ha melding når pålegget er etterkome.