Tilsynet vart gjennomført frå 1. til 3. desember 2020.

Mål

Målet med tilsynet var å verifisere at det på Nyhamna er etablert naudsynte barrierar, og at det er eit system for styring av risiko i driftssituasjonen.

Resultat

Det vart ikkje identifisert avvik frå regelverket under tilsynet, men vi observerte følgjande forbetringspunkt:

  • Organisering
  • Dokumentasjon av arbeidsmiljøforhold og oppfølging av leverandørar
  • Styring av aktivitetar
  • Avsperring av område

Kva skjer vidare?

Gassco har fått frist til 15. februar 2021 med å gi si vurdering av observasjonane der det er potensial for forbetringar.