Tilsynet vart gjennomført i perioden 24. til 26. august 2021. 

Mål 

Målet med tilsynet var å følgje opp planar, løysingar og arbeidsmiljørisiko i avviklings- og fjerningsfasane for Slagentangen raffineri. Vi vil her sjå på korleis Esso styrer prosessen med avvikling og fjerning og sikrar at teknisk integritet og arbeidsmiljørisiko for involvert personell er handsama i alle fasar. 

Resultat 

Det blei identifisert eitt avvik under tilsynet knyta til beslutningsgrunnlag og analysar. 

Vidare blei det identifisert tre forbetringspunkt knytta til: 

  • Mangelfull merking i anlegget 
  • Styrande dokumentasjon 
  • Strategi for inspeksjon og vedlikehald 

Kva skjer no? 

Vi har bede Esso gjere greie for korleis avviket vil bli handsama. Vi har og bede om ei vurdering av forbetringspunkta som blei identifisert. Fristen for dette er sett til 12. november 2021.