Overvaking av teknisk tilstand
Beskrivelse
Kommunikasjon av teknisk tilstand for barriereelement.
Begrunnelse
Barrierefunksjonen; å hindre hydrokarbonlekkasjar (containment), er ein sentral del av ivaretakinga av teknisk integritet. Før tilsynet fekk vi oversendt status frå barrierestyringsverktøyet – TIMP – som blir nytta for å rapportere teknisk tilstand til barrierar opp mot tilhøyrande ytelsestandardar. For ytelsestandarden til containment (PS1) er det for Åsgard B rapportert svekking knytt til både område og system.
Vi vil her trekke fram sannsynlegheit for boltebrudd grunna hydrogenforsprøing (HISC) på undervasskoplingar basert på hendingar med liknande koplingar på andre felt på norsk sokkel. Åsgard har eit betydeleg tal med slike koplingar som ved brot kan føre til lekkasjar. I barrierevurderingar for delområde og delsystem har ein her sett karakter E; kraftige svekkingar for PS 1, medan det i totaloversikten gjennom aggregering av fleire områder og system endar med ein totalkarakter D for denne PSen. Det vart skildra enkelte konsekvensreduserande tiltak og planlagde utbetringar, men sannsynlegheiten for brot er i liten eller ingen grad endra. Svekkingane bidreg til høgare risiko for lekkasje utan at vi meiner dette i tilstrekkeleg grad er reflektert for systemet som heilskap.
Hjemmel
Dokumentasjon
Beskrivelse
Manglar ved oppdatering av styrande dokumentasjon
Begrunnelse
I forkant av tilsynet fekk vi oversendt maritim operasjonsmanual for Åsgard B (ver 2.01 oppdatert i 2018) saman med Kongsberg integritetsrapport for stigerøyr i 2020. Under gjennomføringa av tilsynet mottok vi dokumentasjon knytt til drift av blant anna stigerøyr på innretninga, ADOB – anbefalte driftsparametre og operasjonelle begrensinger.
Ved gjennomgang av dokumentasjon så observerer vi at dokumentet ADOB, anbefalte driftsparametre og operasjonelle begrensinger ikkje har noko formell referanse i System- og operasjonsdokumentasjon (SO).
Etter gjennomgang av Maritim operasjonsmanual i tilsynet observerer vi enkelte manglar og svakheiter ved dokumentet. Nedanfor er eksempel på mangelfulle oppdateringar i dokumentet:
- Appendix B, oversikt over installerte stigerøyr på innretninga: Stigerørinformasjon – Status over installerte stigerøyr sist oppdatert i 2010. Det har vore utskiftingar/endringar på stigerøyr etter det.
- Risernett – Det er ikkje samsvar mellom vedlikehald og oppfølging spesifisert i maritim operasjonsmanual og vedlikehaldsprogram i SAP.
Vi observerte vidare at det i Kongsberg integritetsrapport for stigerøyr i 2020 er nytta antatte (assumed) verdiar for opptrykking og trykkavlasting for stigerøyra M-101 og AB-101. Desse verdiane ser ikkje ut til å vere fullt ut i samsvar med verdiar i ADOB.
Vi meiner observasjonane totalt viser manglar knytt til handtering av informasjon og oppdatering og formalisering av dokumentasjon.
Hjemmel
Nødavstengingsventilar
Beskrivelse
Manglar ved systematikk i oppfølging av sviktmodi som er under utvikling.
Begrunnelse
Vi gjorde detaljerte verifikasjonar i vedlikehaldssystemet SAP offshore. Det vart spurt etter oppfølging og trending av til dømes lukketider og lekkasjerater, oppfølging og utkvittering av feiltestar og endring av testintervall for nødavstengingsventilar (EV). Det vart opplyst at det var krav til rapportering av testar. Selskapet nyttar M3-notifikasjon til dette. Ved gjennomgang av nødavstengingsventilar registrerte vi at det ikkje vart registrert resultat frå testar av internlekkasje i SAP når testen var ok. Dette snevrar inn moglegheita for å overvake sviktmodi som er under utvikling.
Vi fann óg eksempel på ein XV-ventil som mellombels vart nytta som EV-ventil. Det er ulike krav til yting og funksjon for desse funksjonane og ei slik endring av bruk krev nødvendig merksemd og vurdering, sjølv for midlertidige endringar. I våre verifikasjonar fann vi ikkje at dette i tilstrekkeleg grad var vurdert.
Hjemmel