Tilsynet blei gjennomført frå 7. til 10. september 2020.

Mål

Målet med tilsynet var å følgje opp drift av røyrleidningar og undervassanlegg som ein integrert del av landanlegget på Nyhamna, inkludert tekniske støttefunksjonar i andre deler av selskapet.

I tillegg følgde vi opp at Norske Shell har ein driftsmodell med tilstrekkeleg kapasitet til å handtere normale drifts- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til eventuelle uføresette oppgåver.

Til sist følgde vi opp korleis selskapet fører kontroll med eiga verksemd og ser til at krava i forskrifter om helse, miljø og sikkerheit er ivareteke.

Resultat

Tilsynet omfatta drift av røyrleidningar og undervassanlegg som ein integrert del av landanlegget på Nyhamna.

Tilsynet vart gjennomført med presentasjonar, samtalar og verifikasjonar med representantar frå Norske Shell knytt til drift av Ormen Lange røyrsystem og undervassanlegg med relevante støttesystem og -funksjonar på Nyhamna, i Kristiansund og i Tananger.

Deler av Shellorganisasjonen (personell) i Norge vart virksomheitsoverdrege til OKEA i forbindelse med salet av Draugen 1. desember 2018. Vi har gjennom samtalar og verifikasjonar følgt opp korleis den nye organisasjonen ivaretek drift og vedlikehald av Ormen Lange gjennom tema som kompetanseoppfølging og kapasitet i organisasjonen og styring av vedlikehald.

Vi har blant anna sett på evna til å få utført dei oppgåvene som er, til rett tid og med rett kvalitet. Det er verdt å merke seg at vi har sett overordna på dette innan grensesnittet for tilsynet.

Tilsynsaktiviteten tok for seg følgjande tema:

  • Organisering av drift av innretningar (land og offshore Shell)
  • Relevant styrande dokumentasjon og krav for drift og vedlikehald
  • Risiko- og barrierestyring
  • Vedlikehaldsstyring og inspeksjonsaktivitetar
  • Styring av endringar og avvikshandtering
  • Integritetsstatus for system for trykksikring og nødavstenging
  • Verifikasjonsaktivitetar (planlagde og gjennomførte)
  • Handtering av hendingar
  • Læring og erfaringsdeling
  • Oppfølging av prosjekt og modifikasjonar og integrering i eksisterande anlegg inkludert framtidige fasar av Ormen Lange

Vi identifiserte tre avvik frå regelverket og fire område med potensial med forbetring.

Avvika omfatta:

  • styring av vedlikehald
  • handtering av avvik
  • styrande dokumentasjon

Områda med potensial for forbetring omfatta:

  • integritetsstyring av røyrsystem
  • klassifisering og prioritering
  • kompetansestyring og risikostyring
  • beslutningsunderlag

Kva skjer no?

Vi har bedt Norske Shell gjere greie for korleis avvika vil bli handtert. Vi har også bedt selskapet gi si vurdering av observasjonane der det er potensial for forbetringar.