Tilsynet er første del av eit tilsyn med Equinor si oppfølging av overflateprogram for landanlegg i Equinor. Del to er ein detaljert verifikasjon på Mongstad.

Mål

Målet med tilsynet er å verifisere at Equinor har ei samla tilnærming til oppfølging av Korrosjon under isolasjon (KUI) og at selskapet har ei samla tilnærming til gjennomføring av nødvendig vedlikehald for KUI for alle landanlegga som selskapet er operatør og teknisk tenesteytar (TSP) for.

Resultat

Det vart ikkje påvist nokre avvik eller identifisert nokre forbetringspunkt i denne delen av tilsynet.