Tilsynsaktiviteten vart gjennomført 5. og 6. februar 2019.
Mål
Målet med tilsynet var å sjå til at fabrikasjon av subsea ventiltre til Snorre utvidingsprosjektet er i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket. Eit delmål var og å følgje opp korleis prosjektet utfører si påseplikt mot leverandøren TechnipFMC.
Resultat
Det vart ikkje identifisert nokon avvik under tilsynet, men vi observerte to områder med potensial for forbetring. Dette gjeld oppfølging av leverandør og kvalifisering av material.
Kva skjer no?
Vi har bedt om tilbakemelding frå Equinor innan 11. april 2019
Snorre
Snorrefeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-350 meter. Snorre blei påvist i 1979, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Feltet er bygt ut med innretningane Snorre A i sør, Snorre UPA sentralt på feltet og Snorre B i den nordlege delen av feltet. Snorre A er ei flytande bore-, produksjons- og bustadplattform som er forankra til havbotnen med strekkstag. Snorre UPA er eit anlegg for undervassproduksjon og er knytt opp til Snorre A. Snorre B er ei halvt nedsenkbar integrert bore-, prosess- og bustadinnretning. Produksjonen frå Snorre starta i 1992.
Kjelde: norskpetroleum.no