I perioden 27. - 29. august 2019 førte vi tilsyn med Equinor og deira drift og vedlikehald på Snøhvit og Hammerfest LNG.

Mål

Målet med aktiviteten var å følgje opp drift av røyrleidningar og undervassanlegg som ein integrert del av landanlegget på Melkøya. Vi ville og sjå til at Equinor har ein driftsmodell med tilstrekkeleg kapasitet til å handtere normale drifts- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til eventuelle uføresette oppgåver, og at driftsmodellen er i samsvar med selskapet sine eigne krav og krav i regelverket. Selskapet si eiga oppfølging og korleis ein fører kontroll med eiga verksemd var og eit sentralt tema.

Resultat

Tilsynet identifiserte avvik knytt til:

  • Styring av vedlikehald
  • Strategi for vedlikehald
  • Barrierestyring

Tilsynet identifiserte eit forbetringspunkt knytt til planlegging og bemanning.

Kva skjer no?

Equinor har fått frist til 18. oktober 2019 med å gjere greie for korleis avvik og forbetringspunkt vil bli handtert.