I dette tilsynet har vi følgt opp to tidlegare tilsyn på Heimdal i 2016 og 2018 der vi var både på land og offshore. I dette tilsynet har vi berre følgt opp  landorganisasjonen.

Mål

Målet med aktiviteten er å sjå til at Equinor og Gassco har etablert ein driftsmodell med tilstrekkeleg kapasitet til å handtere normale drifts- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til eventuelle uforutsette oppgåver, og at driftsmodellen er i henhold til selskapa sine eigne krav og krav i regelverket. Vi vil òg følgje opp korleis Gassco utfører si påseplikt ovanfor Equinor, og vi vil følgje opp observasjonar frå tidlegare tilsyn for å verifisere korleis selskapa har handtert desse. 

Resultat

Tilsynet påviste to områder med potensial for forbetring knytt til styring av aktivitetar og vedlikehald, og selskapet si eiga oppfølging. 

Kva skjer vidare?

Vi ber Gassco og Equinor om å invitere til eit møte tidleg i haust for å gå gjennom beslutningsprosessane rundt nedstenging / vidare drift og framtidig vedlikehalds- og aktivitetsstyring på innretningane.

Vi ber om svar på dette brevet innan 25. august 2019.