Selskapet si eiga oppfølging
Beskrivelse
Vurdering av behov for oppfølging av leverandørar.
Begrunnelse
Gjennom tilsynsaktiviteten spurte vi om korleis Equinor vurderer behov for og følgjer opp prosjektet og sine leverandørar på generelt grunnlag og så gjekk vi noko meir i detalj på enkeltleverandørar og leveransar. Det er ei rekke grensesnitt i prosjektet og det er sentralt at desse grensesnitta blir handtert og følgt opp for å sikre at prosjektgjennomføringa går som planlagt.
Gjennom presentasjonar og samtalar spurte vi om korleis Equinor handterer oppfølging av dei ulike delleveransane. Det vart referert til eksempel, til dømes forankringssystemet og skroget, der Equinor var del av inspeksjon og testplan (ITP).
SBM nyttar Drydocks i Dubai som tenesteleverandør for fabrikasjon av dreieskive. Vi hadde før gjennomføringa av tilsynsaktiviteten etterspurt ITP for framstillinga av dreieskive til Johan Castberg FPSO. Ved gjennomgang av ITP var ikkje Equinor ein del av den faktiske planen.
Vi registrerte og ved gjennomgang av Equinor sine oppfølgingsaktivitetar at det ikkje var gjort nokre aktivitetar mot handtering av grensesnitt.
Hjemmel
Verifikasjon av design
Beskrivelse
Manglar ved verifikasjon av design opp mot eigne krav.
Begrunnelse
Gjennom oversendt dokumentasjon, presentasjonar og samtalar vart vi informerte om at DNVGL har fått eit oppdrag med å verifisere design av dreieskive (og skrog) opp mot klassespesifikasjon (DNVGL standardar) og petroleumsregelverket . Det vart opplyst at DNVGL ikkje har som en del av verifikasjonsoppdraget å vurdere samsvar med Equinor sine eigne krav.
Hjemmel
Teknisk ansvarleg for konstruksjonar
Beskrivelse
Krav til funksjonen som teknisk ansvarleg var uklar.
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten spurte vi Equinor korleis krava til teknisk ansvarleg «professional responsible» knytt til leveransen – i dette tilfellet knytt til konstruksjonar – var identifisert og handtert. Det vart peikt på at det var SBM som ville ha den funksjonen i dette prosjektet.
Funksjonen som teknisk ansvarleg vart innført i regelverket etter Statoil sitt tap av Sleipner A-1-innretninga. Føremålet var at éin person skulle ha overblikk over heile prosjekteringa, og at ein ved eigne forenkla analysar og vurderingar skulle sjå til at dimensjoneringa var tilstrekkeleg. Dette er teke inn i NORSOK N-001 punkt 4.2 om generelle krav til personellkompetanse og organisering.
SBM var ikkje til stade i tilsynsaktiviteten, men gjennom samtalar og gjennomgang av dokumentasjon (blant anna organisasjonskart) greidde vi ikkje å identifisere kven som var teknisk ansvarleg. Dette er eit sentralt styringselement i relevante standardar som vi viser til i våre forskrifter og vi forventa å finne dokumentasjon på korleis dette var implementert og kva krav Equinor stiller til funksjonen som teknisk ansvarleg.
Hjemmel
Førebuing til drift
Beskrivelse
Manglar ved førebuing til drift – identifisering av operasjonelle rutinar i prosjekteringsfasen.
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten spurte vi om kva Equinor hadde gjort og kor langt ein var komen med operasjonelle rutinar og driftsdokumentasjon for Johan Castberg FPSO. Vi spurte spesifikt om det var gjort vurderingar om kva tiltak som var nødvendige viss ein til dømes får problem i drift med nokre av dei horisontale eller vertikale lagera for dreieskiva og hendingar med linebrudd. Vårt hovudfokus her var å undersøke om Equinor har gjennomført aktivitetar med omsyn på å avdekke situasjonar som kan gi utfordringar i ein driftssituasjon og om det er identifisert tiltak i prosjekteringsfasen som kan redusere eventuelle sårbarheiter i drift
Det vart informert gjennom presentasjonar og samtalar at det var mogleg å skifte ut lager og at dei hadde prøvd å ta omsyn til mogelegheit for å kome til for faktisk reparasjon og/eller utskifting. Det var så langt ikkje gjort vurderingar av umiddelbare tiltak ved bortfall eller feilfunksjon for eit eller fleire av lagera for dreieskiva.
Hjemmel
Styring av prosjektgjennomføringa
Beskrivelse
Involvering av disiplinansvarlege i fastsetjing av framdrift i gjennomføringa.
Begrunnelse
Gjennom vår generelle oppfølging av Johan Castbergprosjektet, ved oppstart av denne tilsynsaktiviteten i januar 2019, og i løpet av tilsynet 13. og 14. mars 2019 har vi spurt etter framdriftsplanar og månadsrapportar for prosjektet. I prosjektet sin månadsrapport for desember 2018 og januar 2019 som vi fekk i løpet av tilsynsaktiviteten, viser ein mellom anna framdrifta for delleveransar i prosjektet og framdrifta for totalprosjektet.
I månadsrapporten for desember 2018 seier rapporten at framdrifta i dreieskive EPC-kontrakten er framfor den planlagde framdrifta. Ved gjennomgang av tekst knytt til framdrift i prosjektet observerte vi at prosjektering, innkjøp og deler av fabrikasjonen er etter planlagd framdrift. Skildringa av framdrifta i månadsrapporten for desember 2018 kan tyde på at gjennomføringa ligg noko etter planen. I månadsrapporten for januar 2019 er dette stadfesta, sjølv om det også i denne rapporten synest å vere ein skilnad mellom den totale framdrifta for dreieskive og framdrifta til prosjektering, innkjøp og fabrikasjon.
I tilsynet kom det fram at dei vi gjennomførte samtalar med ikkje var involvert i fastsetting av framdrifta. Involvering av disiplinansvarlege vil kunne bidra til større presisjon i fastsettinga av framdrifta.
Hjemmel
Styring av kompetanse
Beskrivelse
Formelle system for vurdering av kompetanse i og kapasitet i prosjektet.
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten gjekk vi gjennom korleis Equinor sikrar rett kompetanse og kapasitet i Johan Castbergprosjektet. Gjennom samtalar og presentasjonar vart det informert om korleis prosjektet og prosjektleiarar sjølv før oppstart av prosjektet spesifiserer kompetansen og kapasiteten dei treng. Det er fagaksen i selskapet som sit på personellressursane og nominerer aktuelle personar til prosjektet.
Gjennom tilsynsaktiviteten etterlyste vi formelle prosessar på korleis Equinor systematisk vurderer kompetanse og kapasitet i prosjektet. Dette med omsyn på å identifisere styrkar og svakheiter og eventuelle gap i kompetanse eller kapasitet.
Hjemmel