Oppfølging av definerte ytelseskrav
Beskrivelse
Mangelfull oppfølging av definerte ytelseskrav.
Begrunnelse
Tilstanden til tekniske barrierar blir verifisert gjennom vedlikehaldsaktivitetar registrert i SAP og blir gått gjennom i forbindelse med 3-månadlege TIMP-gjennomgangar. I tilsynet har vi gjennom presentasjonar, samtalar, gjennomgang i SAP og i motteken dokumentasjon observert at det er enkelte ytelseskrav som ikkje blir følgt opp. Nedanfor er det gjeve eksempel på noko av det vi avdekka i tilsynet:
- For rask opning av vingventilar kan resultere i overtrykk av innløpsseparator og testseparator i forbindelse med feiloperering av ventilar (oppstart). I tidlegare versjonar av TIMP er det gitt merknad om avvik mellom opningstid for enkelte vingventilar og kravet. Ved gjennomgang i SAP kom det fram at definerte ytelseskrav på minimum opningstid for vingventilar ikkje blir følgt opp. Det er implementert ein setning i testprosedyra for lekkasjetest av ventilane men ingen krav til test eller rapportering på kravet.
- Equinor har utarbeida eit internt unntak (disp. nr. 154140) for system for brannvatn 71SU001, der responstid for vatn i mest fjerntliggande dyse overstig akseptkriteriet om maks 30 sekund. I motteke fullskalatest for system 71SU001 utført august 2019 er responstid for vatn ut av mest fjerntliggande dyse innanfor ytelseskravet. Det er ikkje utført nokre forbetringstiltak på system 71SU001 som tilseier at responstid er redusert. Testprosedyre nytta i august 2019 fråvik frå prosedyre nytta under test der responstid overstig ytelseskravet. Dette fordi test er aktivisert ved utløysing lokalt på delugeskap, og ikkje ved manuell utløysing (tid frå manuell aktivering av knapp i felt) og automatisk utløysing (tid frå stadfesta brann i B&G-systemet). For å måle responstid til vatn ut av mest fjerntliggande dyse skal funksjonstest inkludere signal for aktivering av brannpumper. Sist utførte funksjonstest er dermed ikkje representativ med tanke på å verifisere ytelseskravet, då målt responstid ikkje representerer reell tid til vatn i mest fjerntliggande dyse.
- Gina Krog har manuell aktivering av skum på stadfesta branndeteksjon. Det er ikkje etablert kriterie for når skum skal utløysast og ytelseskrav til responstid.
Hjemmel
Passiv brannbeskyttelse
Beskrivelse
Manglande og mangelfull passiv brannbeskyttelse, mangelfull dokumentasjon av brannmotstand og mangelfull avvikshandtering.
Begrunnelse
Der det blir nytta passiv brannbeskyttelse, skal denne utformast slik at den gir aktuelle konstruksjonar og utstyr tilstrekkeleg brannmotstand. I tilsynet har vi gjennom presentasjonar, samtaler, motteke dokument og under verifikasjon i anlegget observert eksempel på at brannmotstand ikkje er tilstrekkeleg dokumentert.
Under verifikasjon i anlegget observerte vi:
- manglande passiv brannbeskyttelse på aktuator for trykkavlastingsventil (20ESV0320) til 3. trinns separator. I henhold til motteke dokumentasjon skal denne trykkavlastningsventilen, inkludert aktuator, ha passiv brannbeskyttelse då dette segmentet blir trykkavlasta med ei forsinking på fem minutt.
- bruk av midlertidig isolering /nødisolering. Midlertidig isolering er installert før oppstart av Gina Krog. Funksjonen til isoleringa vil ikkje bli ivareteke då isoleringa er festa med tape. Vi er informert om at det er oppretta ein arbeidsordre på innkjøp av nye brannkassar.
- fleire kabelgjennomføringar der pakningskloss ligg utanfor sporet som skal sikre klossen sin posisjon i skiljeplata.
- fleire eksempel på at brannbeskyttelse på boltar («fire nuts») ikkje er installert der det er spesifisert at det skal vere. Dette gjeld «fire nuts» som aldri har blitt installert der det var tiltenkt, men og «fire nuts» som er teke av i drift og ikkje montert tilbake etter at arbeidet er ferdig. Gina Krog sin sikkerheitsstrategi, filosofi for passiv brannbeskyttelse og tillegg til TR1055 spesifiserer at; flensar skal beskyttast ved bruk av «fire nuts» på flensboltar der dette er muleg. Om ikkje bruk av «fire nuts» er muleg skal anna utforming av passiv brannbeskyttelse nyttast på flens. Det er ikkje etablert interne avvik som omhandlar manglande montering av «fire nuts». Vi er informert om at det pågår eit arbeid som omhandlar brannmotstand til flensar/boltar. I tilsynet har vi ikkje motteke dokumentasjon som dokumenterer tilstrekkeleg brannmotstand til flensar/boltar der passiv brannbeskyttelse manglar.
Hjemmel
Avviksbehandling
Beskrivelse
Mangelfull oppfølging av avvik frå krav i helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga.
Begrunnelse
Ved gjennomgang av eit utval permanente avvik mot interne styrande dokument på Gina Krog såg vi et eksempel som står fram som avvik frå myndigheitskrav. Equinor har utarbeida eit internt unntak (disp. nr. 143961) for kablar frå generator for brannvatn til brannpumper som er samla i same kabelgate.
Dette er behandla som eit internt avvik, og ikkje som eit avvik frå regelverket. Forholdet var godkjent som internt avvik/dispensasjon og avviksbehandling er avslutta. Det er gjeve dato for gyldigheit av avviket, men det går fram av teksten at avviket er permanent.
Det gjekk ikkje fram av avviksbehandling kor vidt / korleis designet er vurdert opp mot regelverket der det er krav om at innretningar skal baserast på robuste løysingar og utformast slik at ein enkelt feil ikkje skal gi uakseptable konsekvensar, i dette tilfellet tap av brannvatn.
Hjemmel
Systematisk oppfølging av ventilar
Beskrivelse
Mangelfull systematisk oppfølging av ventilar og feilutvikling.
Begrunnelse
Gjennom presentasjonar, samtalar og verifikasjon i vedlikehaldssystem (SAP) og dokumentasjon vart vi forklart og observerte korleis Equinor styrer vedlikehald generelt. Vi spurte direkte i samtalar korleis ein gjer testar av til dømes ventilar, kven som utfører dei, korleis ein systematiserer dette og sikrar seg oversikt over resultata Det vart vist til at ein hadde eit overvakingssystem for ventilane, men gjennom tilsynet fekk vi opplyst at det var etterslep med å handtere data frå systemet og at Equinor ikkje hadde informasjon tilgjengeleg som viser korleis ein nyttar data for å vurdere feilutvikling.
Ut i frå verifikasjonar i tilsynet var det uklart korleis ein systematisk sikrar oversikt over resultat frå funksjons- og lekkasjetestar, av til dømes ventilar for nødavstenging, som er utført og korleis ein nyttar dette for å kunne seie noko om ytelse og teknisk tilstand for å sikre at sviktmodi som er under utvikling eller har skjedd, blir identifisert og korrigert.
Hjemmel