Den 21. november 2019 førte vi tilsyn med fleksible røyr i Equinor.
Mål
Målet med tilsynet var å få ei oversikt over Equinor sin oppfølging av drift, vedlikehald og integritet for fleksible røyr. Vidare at dei har ei heilskapleg tilnærming til sikker drift av desse og som er i henhold til selskapet sine eigne krav og myndigheitskrav.
Resultat
Det vart ikkje identifisert nokre avvik eller forbetringspunkt i aktiviteten.