Styring av endringar
Beskrivelse
Vurderingar knytt til utmattingslevetid og styring av endringar
Begrunnelse
Det vart gjennom tilsynsaktiviteten vist til at ein prøvde å vere så konservativ som muleg i alle vurderingar og at ein søkte å nytte minst muleg av levetida for brønnen. Til dømes kunne ein styre operasjonar til sommarhalvåret, og ein prøvde bevisst å gi seg god tid ved å velje brønnar som ein hadde god dokumentasjon på. I dette tilfellet valde ein bevisst å bore i vinterhalvåret, på ein brønn som ein fekk noko knapp tid med planlegginga for.
I operasjonen med Sygna, som blei gjennomgått dag 2, var ein kobla på brønnhode i høgare bølgjer enn det som var sett som rettleiande kriterie. Ein valgte her å gjere ei operasjonell vurdering at det var ok, og å fortsette operasjonen. Det var ikkje noko formell avvikshandtering eller ein formell endringsstyringsprosess.
For den presenterte brønnoperasjon på Sygna vart det vist til forskjellige estimat på den akkumulerte utmattingsskaden:
- Før operasjonen vart det berekna ein utmattingsskade på 0.90 for operasjon i desember månad. Dette estimatet var basert på Metocean statistikk og kunnskap om flyteinnretninga sitt bevegelsesmønster.
- I operasjonen vart det føreteke berekningar med det aktuelle, målte veret og estimert på bakgrunn av vermeldingar. Estimert totalskade vart berekna til 0.74, og det var desse verdiane som, saman med vermeldingar, vart nytta til å vurdere behov for eventuell stopp av aktiviteten ved høg sjø.
- Etter at operasjonen var gjennomført vart den akkumulerte utmattingsskaden berekna frå målte bevegelsar på brønnhodet, som var instrumentert til dataoppsamling. (Data vart ikkje analysert fortløpande). Analysane i ettertid viste ein akkumulert skade på 0.89, som stemmer bra med dei tidlege estimata på 0.90, men viser at dei estimata som vart nytta i sjølve operasjonen underestimerte den akkumulerte utmattingsskaden.
Hjemmel
Brønnbarrierar
Beskrivelse
Vurderingar av utmattingslevetid for brønn i heile levetida
Begrunnelse
På dag 1 av tilsynsaktiviteten var Statoil, som nemnt tidlegare, tydelege på at brønnintegritet er eit hovudfokus i heile levetida til brønnen. Dette er og nedfelt i Statoil sitt eige dokument GL3578. Vi meiner eksempelet som vi gjekk gjennom på dag 2 viser at ein ikkje her har teke tilstrekkeleg omsyn til framtidig permanent P&A i val av løysingar, kompenserande tiltak og analysar. Ut i frå det presenterte eksempelet såg det for oss ut som kostnad var ein sentral drivar for dei vala som var gjort.
Dei demonstrerte og korleis det er usikkerheit knytt til dei vurderingane som blir gjort i forkant av ein operasjon, og den faktiske utmattinga. I eksempelet med Sygna hadde dei berekna ein utmattingskade på 0.74, medan den målte utmattingsskaden var på 0.89. Statoil påpeikte dag 1 av tilsynet at dei vurderer berekningsmodellane til å vere konservative, medan ein her såg eit eksempel på at det ikkje alltid er tilfelle.
Hjemmel