Integritet av konstruksjonar – barrierestyring
Beskrivelse
Mangelfull styring og prioritering av barrierar knytt til maritime system og konstruksjonsintegritet.
Begrunnelse
På tilsynet med Åsgard A vart det gjennom presentasjonar og samtalar vist at tilstanden på ytelsesindikator 18 (Performance Standard (PS) 18 – «Ballast Water and Position Keeping») har status E i Statoil si interne barrierevurdering. Status E betyr at barriere / PS har alvorlege manglar og at ein skal skildre kompenserande og/eller korrigerande tiltak. Systema knytt til PS18 er sentrale for at Åsgard A skal kunne halde korrekt posisjon, retning og djupgang til ei kvar tid og består blant anna av system for oppankring, rotasjonskontroll ved hjelp av dreieskive/turret og propellar, og system for ballastering. Deler av systemet er avhengig av tilgjengeleg kraft for å vere operativt og fungere.
Ptil har tidlegare hatt møter med driftsorganisasjon Nord, der den tekniske tilstanden for Åsgard A var tema. På møte 12.09.2016 vart det informert om at TTS (Teknisk Tilstand og Sikkerhet) status for PS18 var ‘Ingen åpne funn fra tidligere TTS’ og 10 nye funn i 2016 (ePhorte 2016/751-7). Frå møte 10.09.2014 står det angitt: ‘Åsgard A – Turret og turnesystem, omfattende KV-jobber pågår: ▪ Overhaling av turretlagre, ▪ Feilretting for instrumentell overvåking av turret, ▪ overhaling/utbedring av grippere/turnesystem’ (ePhorte 2014/415-16-2). Frå same presentasjon i 2014 står det kommentarar om risikoindikatorar og etterslep: ‘Ingen etterslep, men omfattende KV-jobber pågår for turret og grippere (og ankervinsjer og thrustere)’.
Det har på møter med driftsorganisasjonen i fleire påfølgjande år vore vist til funn av sprekker i skroget med utbetringsarbeid over lengre tid. På tilsynstidspunktet var det utbetringsarbeid i gang innvendig i ballasttankar. Vi konstaterer at dette utbetringsarbeidet har teke lang tid.
På tilsynet i januar 2018 oppfattar vi det slik at mange av dei punkta som har blitt presentert for oss ved tidlegare møter/tilsyn om driftsoppfølging av konstruksjonar og maritime system framleis blir presentert som pågåande arbeid i driftsorganisasjonen for Åsgard A.
Hjemmel
Passiv brannbeskyttelse
Beskrivelse
Mangelfull oppfølging av midlertidig passiv brannbeskyttelse i anlegget
Begrunnelse
Det vart under gjennomgang i anlegget observert røyrføring og ventilar i turretområdet med passiv brannbeskyttelse av midlertidig karakter (nødisolering). Noko av denne isoleringa var heller ikkje intakt utan at dette var vurdert som ei eventuell svekking av integritet eller at det var implementert kompenserande tiltak. Ved sjekk i SAP var det ikkje muleg å finne aktuell nødisolering (røyrføring mellom 13 L 5026 og 13 L 5051) eller den var ikkje kvittert ut korrekt (ventil 14EV5203).
Hjemmel
Rutinar for kritiske operasjonar
Beskrivelse
Mangelfull informasjon knytt til posisjonering av turret i situasjonar med ekstremver på Åsgard A
Begrunnelse
Vi gjorde ein gjennomgang av maritim operasjonsmanual og beredskapsmanual i tilsynsaktiviteten og spurte korleis ein sikrar seg at ein gjer dei rette tinga i ein krisesituasjon. Vi vart vist kva aksjonar som var knytt til ulike sjøtilstandar og ver og vart forklart om ulike operasjonsmodus på Åsgard A. Det vart og forklart at det var trening og øvelsar på å handtere ulike beredskapssituasjonar. På spørsmål om ein såkalla turret skyvefunksjon, der ein har mulegheit til å legge turret mot moonpoolvegg på Åsgard A så var det knytt usikkerheit til denne operasjonen. Maritim operasjonsmanual har noko informasjon om skyving av turret, men det er ikkje tydeleg ut i frå dokumentet når denne funksjonen skal nyttast og i detalj korleis ein skal gjere det. Gjennom samtalar var det og uklart korleis og når ein skulle nytte seg av dette og det var usikkert om ein nokon gang hadde gjort øvelsar med dette scenarioet
Hjemmel
Styring av kompetanse
Beskrivelse
Manglar ved styring av kompetanse
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten gjekk vi gjennom korleis Statoil styrer kapasitet og kompetanse i selskapet. Vi har fått ein kort gjennomgang av ny bemanningsmodell i Statoil og at det er noko som ein jobbar med for Åsgard A både på land og offshore. Statoil har og gjennom presentasjonar og samtalar forklart korleis ein ser for seg å følgje opp kompetanse for Åsgard A.
Vi etterspurte korleis Statoil gjer den systematiske oppfølginga av kva kompetanse som er relevant og kva ein må ha av opplæring i ulike rollar. Vi har gjennom tilsynsaktiviteten spurt spesifikt kva opplæring som gjeld knytt fleksible stigerøyr, hydratkontroll, nødavstengingsventilar og maritime system. Vi har ikkje sett ei systematisk tilnærming til korleis ein sikrar at ein har rett kvalifisert personell med drift i dag og framover.
Etter fleire hendingar i Statoil for 5-10 år sidan så vart det oppretta eit kurs knytt til drift av fleksible stigerøyr og hydratkontroll. Dette kurset var obligatorisk for enkelte rollar på land og offshore. Fleire på Åsgard A har gjennomført det, men vi såg ingen oversikt over kven som hadde gjennomført kurset og kven som eventuelt mangla. I tilsyn på andre Statoil-innretningar har vi blitt informert om krav om at dette kurset skulle repeterast kvart tredje år. Det vart og opplyst at kurset ikkje hadde vore tilgjengelig i ein periode, men at det no skulle vere klart som ein e-læringsmodul.
Vi spurte og om ventilkurs som var nemnt som eit tiltak etter funn av sprekker i BEL nødavstengingsventilar på Åsgard A. I tillegg spurte vi og om oversikt over krav til og gjennomføring av maritime kurs for personell offshore på Åsgard A.
I begge tilfella var det utfordringar knytt til å få ein oversikt over kven som skulle ha det aktuelle kurset og kven som hadde gjennomført det.
På spørsmål om det var gjennomført avvikshandteringar eller det var dispensert for manglande gjennomført opplæring vart det ikkje framlagt noko dokumentasjon på det.
Hjemmel
Alarmhandtering i sentralt kontrollrom
Beskrivelse
For høg alarmrate og antal ståande alarmar
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten spurte vi om kva rutinar det var på Åsgard A for alarmanalysar. Vi vart forklart at det var etablert vedlikehaldsrutinar på månadleg basis for gjennomgang av alarmer i kontrollrom. Analysane viste eit høgt tal på alarmar (alarmar per tidseining og ståande alarmar) og det var uklart kva aksjonar som var initiert for å gjere noko med dette.
Hjemmel
Designlaster for fleksible stigerøyr
Beskrivelse
Mangelfull dokumentasjon knytt til eksterne støyt-/slaglaster for stigerøyr
Begrunnelse
Det vart i tilsynsaktiviteten kommentert ein karakter D på PS1 som gjekk på dimensjonerande ulykkeslaster for stigerøyr. På Åsgard A har ein ingen dedikerte løftesoner då innretninga dreiar etter veret. Det er manglar knytt til dokumentasjon for kor mykje dei aktuelle stigerøyra faktisk toler av treff av last. Kravet til nedstenging og trykkavlasting er sett relativt høgt, men det kan gjerast vurderingar i kvart tilfelle. Slik vi forstår det så vil ikkje rutineløft som konteinarar automatisk bety at ein vurderer nedstenging og trykkavlasting.
Hjemmel