Testing av sikringssystem for overtrykking
Beskrivelse
Det er uklart om sikringssystem for overtrykking av røyrleidningen (PPS) blir testa tilstrekkeleg.
Begrunnelse
Det vart stilt spørsmål til uavhengigheit for system for trykksikring (PPS) og om uavhengigheiten vart testa. Det vart gjennom samtalar og verifikasjon i SAP avdekka at ein testar trykktransmitterar for PPS. Vi fekk ikkje dokumentasjon på at PPS-funksjonen, inkludert ventilar, blir testa. Det kom difor ikkje frem i tilsynet om komplett PPS-funksjon blir testa tilstrekkeleg.
Hjemmel
Beredskapsmanual
Beskrivelse
Detaljnivå på beredskapsmanual for Visund
Begrunnelse
Vi gjorde ein gjennomgang av beredskapsmanual i tilsynsaktiviteten og avdekka nokre uklarheiter i teksten i dokumentet:
- For fleire definerte fare- og ulykkesituasjonar (DFU) står det eit sjekkpunkt som seier ’’vurder ytterligere trykkavlasting av prosessen’’. Dette er ikkje relevant for Visund i og med at heile prosessanlegget blir trykkavlasta når trykkavlasting blir aktivert.
- For DFU 12, fare for kollisjon, er det eit aksjonspunkt for sentralt kontrollrom (SKR) om å aktivere nødavstengning etter ordre frå beredskapsleiing, men å vurdere nødavstengning er ikkje teke med i aksjonspunkta til beredskapsleiinga.
- Det er eit aksjonspunkt for trykkavlasting av gassinjeksjon- og gasseksportrøyrleidning for DFU 12, fare for kollisjon. Dette er ikkje tatt med i DFU 10, tap av posisjon, men kan òg være relevant her.
Det er mange nødavstengningsnivå på Visund, ref. avvik 5.1.2. Det kan vere til hjelp for beredskapsleiinga og kontrollromsoperatør at det er indikert i planane kva for eit nødavstengningsnivå ein meiner er mest hensiktsmessig å aktivere i dei ulike DFUane.
Hjemmel
Rapportering og oppfølging av ventilar i vedlikehaldssystem
Beskrivelse
Manglar ved rapportering og oppfølging av ventilar i
Begrunnelse
Gjennom presentasjonar, samtalar og verifikasjon i vedlikehaldssystem (SAP) og dokumentasjon vart vi forklart og observerte korleis Statoil styrer vedlikehaldet. Det vart spurt om korleis ein følgjer opp og rapporterer i SAP. Det vart informert at ein etterstreba å gjennomføre såkalla positiv rapportering. Det vil seie at ein ikkje berre rapporterer om testar som er gjort og kor vidt dei tilfredsstiller krava, men og at ein legg inn kva det faktiske resultatet var.
Vi gjorde detaljerte verifikasjonar i SAP både på land og offshore Det vart spurt etter oppfølging og trending av til dømes lukketider, lekkasjerater, oppfølging og utkvittering av feiltestar og endring av testintervall for nødavstengningsventilar (EV) i SAP. Det vart opplyst at det var krav til at dette skulle rapporterast ved utført test (M3-notifikasjon). Ved gjennomgang i SAP for fleire av ventilane identifiserte vi manglar og inkonsistens mellom krav og gjennomføring av dette.
Hjemmel
Dekksrister i komposittmaterial i evakueringsvegar
Beskrivelse
Det er nytta dekksrister i komposittmaterial i evakueringsvegar. Branneigenskapane for desse ved ein hydrokarbonbrann er ikkje dokumentert.
Begrunnelse
Under befaringa vart det observert bruk av dekksrister av komposittmaterial i evakueringsveg. For å oppfylle kravet til evakueringsvegar som nemnt i innretningsforskrifta § 13 tredje ledd, bør standarden NORSOK S-001, kapittel 5, 6 og spesielt 21 nyttast, jf. innretningsforskrifta § 13 med rettleiing. Norsok S-001, kap. 21.5.1 seier blant anna følgjande om evakueringsvegar: ”Steel should be the preferable material used in escape routes that may be exposed to hydrocarbon fires including handrails and stairs. Other materials may only be used if documented acceptable with respect to survivability also when considering use of the emergency response team”.
Vi viser og til Health and Safety Executive (HSE) - Safety Notice (HID 2-2012), http://www.hse.gov.uk/safetybulletins/deck-gratings.htm
Det skal foreligge dokumentasjon på branneigenskapane til produktet som tilfredsstiller ISO 1716 (brennbarheit) og ISO 5660-1 (røykutvikling) eller tilsvarande anerkjente standardar.
Dette er eit funn som også er identifisert i tidlegare tilsyn, blant anna tilsyn på Kristin i 2017. Dokumentasjonen vi har motteke så langt frå Statoil har ikkje vore tilstrekkeleg for å dokumentere branneigenskapar for dekksrister i kompositt.
Det kom ikkje frem i tilsynet om det eksisterer dokumentasjon på tilstrekkelege branneigenskapar for dekksristene nytta på Visund.
Hjemmel
Styring av kompetanse
Beskrivelse
Det vart identifisert svakheiter knytt til oversikt over og ei systematisk tilnærming til relevant kompetanse og opplæring
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten gjekk vi gjennom korleis Statoil styrer kapasitet og kompetanse i selskapet. Vi fekk ein kort gjennomgang av ny bemanningsmodell i Statoil og at det er noko som ein førebur seg på hjå Visund, både på land og offshore.
Vi har gjennom presentasjonar og samtalar fått forklart at people@Statoil blir nytta for oppfølging på individnivå. Vi har og etterspurt korleis Statoil gjer den systematiske oppfølginga av kva kompetanse som er relevant og kva ein må ha av opplæring i ulike rollar. Gjennom tilsynsaktiviteten spurde vi spesifikt kva krav det er til opplæring for mellom anna uteoperatørar og kontrollromsoperatørar, men har ikkje sett ei systematisk tilnærming til korleis ein sikrar at ein har rett kvalifisert personell med drift i dag og framover.
Det vart og spurt om kva statusen er for spesifikk opplæring knytt til fleksible stigerøyr. Etter fleire hendingar i Statoil for 5-10 år sidan på mellom anna Visund og Njord, vart det oppretta eit kurs knytt til drift av fleksible stigerøyr og hydrat. Dette kurset var obligatorisk for enkelte rollar på land og offshore. Fleire på Visund har gjennomført det, men vi såg ingen oversikt over kven som hadde gjennomført kurset og kven som eventuelt mangla. Vi vart opplyst at dette kurset skulle repeterast kvart tredje år. Det vart og opplyst at kurset ikkje eksisterte lenger i Statoil, at det vart jobba med ein e-læringsmodul som skulle vere klar første kvartal 2018 og at det var oppretta ein generell dispensasjon i Statoil knytt til dette kurset fram til e-læringskurset er etablert.
Tidlegare utfordringar og hendingar med fleksible stigerøyr i Statoil og på Visund gjer at det bør vere eit sterkt fokus på opplæring og kompetansestyring for sikker drift.
Hjemmel
Trykkavlasting av stigerøyr
Beskrivelse
Det er ikkje klart om løysninga som er vald for trykkavlasting av stigerøyr ved DFU 12, fare for kollisjon, er den som gir størst risikoreduksjon.
Begrunnelse
Visund er sårbar med omsyn på kollisjon på grunn av mange fleksible stigerøyr. Slik beredskapsplanen er for Visund i dag krev det at ein må tilbakestille (resette) ventilar ute i anlegget for å trykkavlaste desse i eit kollisjonsscenario. I følgje beredskapsplanen skal ein aktivere nødavstenging. Dette resulterer i at stigerøyr blir isolerte i trykksett tilstand og vil dermed vere trykksett ved ein eventuell kollisjon. Dersom ein skal trykkavlaste stigerøyra etter nødavstenging må nødavstengingsventilar på stigerøyra først tilbakestillast ute i anlegget.
Dette er ei problemstilling som personellet offshore var klar over. Beredskapsplanane inkluderer trykkavlasting av gassinjeksjon og gasseksportstigerøyr, men ikkje dei øvrige stigerøyra. I gjennomgangen i kontrollrommet vart det framheva at det kan resultere i problem med for mykje væske inn i prosessanlegget om ein skal trykkavlaste alle stigerøyr, men vi har ikkje fått stadfesta om det er simulert og endeleg konkludert med at dette er tilfelle.
For Visund med eit høgt tal fleksible stigerøyr vil det vere ein fordel om stigerøyra er trykkavlasta ved ein kollisjon med desse, og at det er lagt til rette for enkelt å kunne trykkavlaste. Dette gjeld spesielt i tilfelle der kollisjonen berre er ein direkte fare for integriteten til stigerøyra og ikkje sjølve Visundinnretninga. Det kom ikkje fram i tilsynet om den løysninga som er vald for trykkavlasting av stigerøyr ved fare for kollisjon, er den som gir størst risikoreduserande effekt.
Hjemmel