Tilsynet fann stad i tida 21. – 29. mars 2017, først ved Statoil sitt kontor på Fornebu og seinere hos leverandørselskapet NOV i Kalundborg og Brøndby, Danmark.

Mål

Tilsynet hadde bakgrunn i tidlegare oppfølging av Statoil knytt til fleksible stigerøyr, ei rekke hendingar og den potensielle risikoen svekka integritet av stigerøyr medfører.

Målet med tilsynet var å sjå til at nye fleksible stigerøyr blir prosjektert og fabrikkert i samsvar med selskapet sine eigne krav og krav i regelverket.

Resultat

Det blei ikkje påvist avvik frå regelverket under tilsynet.

Det blei likevel identifisert forbetringspunkt knytte til:

  • Læring og deling av erfaring
  • Koordinering og styring av risiko i prosjektet
  • Kvalifisering av material
  • Dokumenthandtering

Statoil har fått frist til 9. juni 2017 med å melde tilbake korleis forbetringspunkta blir vurderte.