Mål
Ptil gjennomførte 3. og 4. oktober 2017 ein tilsynsaktivitet mot Statoil, kor vi såg på at oppfølging og kvalifisering av feltskøytar for eksportrøyra til Johan Sverdrup blir utført i henhold til selskapet sine eigne krav og krav i regelverket.
Resultat
Tilsynet identifiserte ingen avvik frå regelverket. Vi observerte tre områder med potensial for forbetring. Desse områda er dokumenthandtering, fabrikasjon og tekniske spørsmål knytt til leveransen og langtidstesting av polymere material.
Vi har bede Statoil om ei vurdering av desse forbetringpunkta innan 8. desember 2017.