Torsdag 24. august 2017 førte vi tilsyn med Gassco si overtaking av operatørskapet på Nyhamna landanlegg. I tilsynet fekk vi presentert og intervjua personell frå Gassco om prosessen for overtaking. Det vart ikke gjort direkte verifikasjonar i dokumentasjon.

Mål

Målet med aktiviteten var å påse at Gassco har gjennomført nødvendige aktivitetar og førebuingar for overtakinga av operatørskapet, og at prosessen er i samsvar med krav til forsvarleg drift.

Resultat

Tema for tilsynsaktiviteten var å sjå på det Gassco vurderer som sentrale aktivitetar for forsvarleg overtaking av operatørskapet for Nyhamna. Vi gjekk gjennom blant annet tema som organisering, styrande dokumentasjon, erfaringsdeling, kommunikasjon, KPIar og risikostyring.

Det vart ikkje identifisert avvik frå regelelverket eller forbetringspunkt denne i tilsynsaktiviteten.

Gassco overtek no operatørskapet for Nyhamna frå noverande operatør Norske Shell. Operatørskiftet skjer 1. oktober 2017.

Nyhamna

Nyhamna gassbehandlingsanlegg ligg i Aukra kommune i Møre og Romsdal.

 Anlegget blei bygt for å ta i mot og behandla gassen frå Ormen Lange-feltet i Norskehavet, men er no utvida til å ta i mot gass som kjem gjennom Polarled-røyrleidninga frå felta Aasta Hansteen, Dvalin og mulige framtidige feltutbyggingar lengre nord i Norskehavet.

Kjelde: norskpetroleum.no