Bakgrunn

Ekofisk 2/4 A-innretninga var den første permanent installerte plattformen på Ekofiskfeltet, og oljeproduksjonen tok til her i 1974. Innretninga vart stengt ned i september 2013, og permanent plugging og forlating av brønnane starta i august 2014.

Operatør for Ekofisk er ConocoPhillips.

Frå 7. til 8. juni 2017 førte vi tilsyn med korleis ConocoPhillips har planlagd og gjennomført permanent plugging og forlating av brønnar på Ekofisk 2/4 A.

Mål

Målet med tilsynsaktiviteten var å undersøke at ConocoPhillips planla og gjennomførte permanent plugging i henhald til krava i regelverket.

Resultat

I tilsynet vart det klart at mange av brønnane (18 av 23) som er permanent plugga på Ekofisk 2/4 A, hadde manglande dokumentasjon på samsvar med krav i regelverket til permanente brønnbarrierar.

Vi kunne vidare ikkje sjå at ConocoPhillips har gjort ei tilstrekkeleg risikovurdering av brønnar med mangelfulle eller manglande permanente brønnbarrierar med tanke på konsekvensane av moglege lekkasjar i eit langsiktig perspektiv.

Tilsynet vårt identifiserte avvik knytt til brønnbarrierar i permanent plugga brønnar og mangelfulle risikovurderingar. Vi identifiserte i tillegg eitt forbetringspunkt knytt til kontinuerleg forbetring.

Vi har no bedt ConocoPhillips dokumentera at løysningane deira oppfyller regelverket sine krav i eit langsiktig perspektiv. Vi ber har bedt selskapet gje oss tilbakemelding innan 1. desember 2017.