Ptil gjennomførte ein tilsynsaktivitet med drift, vedlikehald og trykksikring retta mot Statoil og Gassco med landorganisasjonar og med Heimdal hovudplatform (HMP) og Heimdal Riser Platform (HRP). Tilsynsaktiviteten vart gjennomført i tida 22.-29. september 2016. 

Mål

Målet for oss var å følgje opp styring av drift, vedlikehald, sikkerheitskritisk utstyr og system for trykksikring spesielt på Heimdal HRP og Heimdal, i forhold til selskapet sine eigne krav og myndigheitskrav. Ansvar og arbeidsdeling mellom Gassco som operatør og Statoil som teknisk tenesteytar som gjennomfører drifta av innretninga var sentralt i tilsynet.

Resultat

Tilsynsaktiviteten identifiserte sju avvik frå petroleumsregelverket. Avvika omhandlar styring av aktivitetar på HMP og HRP, barrierestyring, brannbeskyttelse i anlegg, uavhengigheit for prosessikringssystem, styrande dokumentasjon, Gassco sitt påseansvar og alarmhandtering i kontrollrom på Bygnes.

Vidare har vi avdekka tre områder med potensial for forbetring. Desse områda er alarmhandtering i kontrollrom på Heimdal, selskapet (Statoil) si eiga oppfølging, og manglar ved system for merking av utstyr og mangelfull merking i anlegg.

På grunnlag av dei funna som er gjort i tilsynet har vi varsla Statoil om fire pålegg.

Det skal utarbeidast ein forpliktande og tidfesta plan for å etterkomme pålegga over. Planen skal presenterast for Ptil innan 27.1.2017.