Styring av endringar ved utskifting av fleksible stigerøyr
Beskrivelse
Rutiner ved håndtering av interne krav
Begrunnelse
Det er planlagt utskifting av eitt fleksibelt stigerøyr på Troll B i 2015. Dette er ein del av eit større utskiftingsprosjekt i Statoil. Utskiftingsprosjektet for fleksible stigerøyr er etablert utanfor dei ulike resultateiningane som skal skifte stigerøyr, men dei har sjølv representasjon i styringsgruppa. TR 3051- Unbounded Flexible Pipes gjeld for design av fleksible stigerøyr, men har og innhald som omfattar operasjonelle krav. Det betyr at den gjeld for både prosjekt og driftseiningar. Gjennom presentasjonar, samtalar og verifikasjon av dokumentasjon vart det avdekka uklarheiter i korleis ein styrer endringar for innretningar og kvar ansvaret for endringsstyringa ligg. Ved eventuelle avvik frå TR3051 er det uklart korleis dei ulike driftseiningane blir involvert og kven som vurderer og eventuelt søker om avvik. Dette er og påpeikt i ein intern verifikasjon i Statoil mot Troll C i januar 2014.
Hjemmel
Styrande dokumentasjon
Beskrivelse
Styring og oppdatering av system og operasjonsdokumentasjon (SO)
Begrunnelse
Gjennom tidlegare oppfølging i tilsyn om integrasjonsprosessen i 2008 (føresetnader for gjennomføring, vår ref. 2007/270), og gransking av hending med fleksible stigerøyr på Visund i 2011 (vår ref. 2011/457) er det uttalt at samla dokumentstyring i form av SO-dokumentasjon er ein føresetnad for drift av innretningar i Statoil på norsk sokkel. Vi har og følgt opp dette temaet i tilsynsaktivitetar på Njord A i 2012 og Åsgard B i 2013 i tillegg til at Statoil sjølv har avdekka dette i tilsyn i 2012.
Gjennom samtalar, verifikasjon av dokumentasjon og verifikasjon i kontrollrom og anlegg kom det fram at det var identifisert behov for ei styrking og oppdatering av SO-dokumentasjon, spesielt den operasjonelle delen.
Hjemmel
Selskapet si eiga oppfølging
Beskrivelse
Mangelfull oppfølging av eigen og andre deltakarar sin organisasjon.
Begrunnelse
Det framkom gjennom samtalar og presentasjonar at oppfølgingsaktivitetar (slik det er definert i Statoilboka) for fleksible stigreøyr på Troll B blir gjennomført ved til dømes dagleg oppfølging av leiinga, sikkerheitsrundar og besøk av leiinga i landorganisasjonen. Det er derimot vår oppfatning at det ikkje er innarbeidd ein tilstrekkeleg og robust plan for systematisk oppfølging av stigrøyra. Døme på dette er få eigne verifikasjonar/revisjonar.
Monitoreringsplanen viser i avgrensa grad ei systematisk oppfølging av eigen og andre deltakarar. Under samtalar kom det fram at fleire fagområde eller grupperingar i liten grad utfører eller er gjenstand for monitorerings- og verifikasjonsaktivitetar.
Vi registrerte likevel nokon aktivitetar mot enkelte innretningar med fleksible stigerøyr i Statoil i 2012 og 2014 med funn, men desse såg ut til i avgrensa grad å vere kommunisert ut i organisasjonen eller vist til som ei systematisk oppfølging av integritet for fleksible stigerøyr. Monitoreringsplanen ser og ut til å mangle dokumentnummer, versjon og dato.
Hjemmel