Dokumenthandtering
Beskrivelse
Mangelfull styring av dokumentasjon knytt til leveransen
Begrunnelse
Vi verifiserte bruk av sveiseprosedyre (WPS) i anlegget for ein vilkårleg sveis. Det var ikkje samsvar mellom faktisk versjon av dokument (versjon 3) i dokumentstyringssystemt og dokument (versjon 2) nytta av sveisar. Det var uklart om dette har medført at sveis er produsert utanfor godkjende sveiseparametrar.
I tilsynsaktiviteten spurte vi etter ein oversikt over dokument knytt til leveransen av SPAR-substrukturen og korleis system for dokumenthandtering blir nytta. Gjennom presentasjonar, samtalar, verifikasjon av dokumentasjon og gjennomgang av oversikt for dokument vart vi forklart systemet. Det var uklart korleis Statoil på ein systematisk måte kontrollerer framdrift og ansvar for prosjektdokument.
Hjemmel
Kompetanse og kvalifisering
Beskrivelse
Manglande kvalifisering av operatørar for ikkje destruktiv inspeksjon / testing (NDE/NDT)
Begrunnelse
Det er eit krav i ISO 9712, ‘Non-destructive testing – Qualification and certification of personnel’, om at arbeidsgivar sjølv skal utferde ein skriftleg autorisasjon for kvar NDT/NDE operatør og vedlikehalde naudsynt underlag (appropriate records). Vi fekk stadfesta gjennom fleire samtalar at det ikkje er noko slik skriftleg godkjenning.
ISO 9712 er vist til i NORSOK M-101, kapittel 9.2. NORSOK M-101 er gitt i rettleiinga til innretningsforskrifta §12 og er ein del av kontraktsdokumenta lista i appendiks E.
Hjemmel
Beslutningsgrunnlag – overgang frå design til fabrikasjon
Beskrivelse
Mangelfull vurdering av midlertidige festepunkt i design og vurdering av utmattingssliping
Begrunnelse
Før ein treff beslutningar skal den ansvarlige sikre at problemstillingar er allsidig og tilstrekkeleg belyst og kriterie for beslutningar skal vere etablert i forkant. Beslutningsgrunnlaget skal ha den nødvendige kvaliteten, og ulike alternativ og konsekvensar av desse vere utgreia, med involvering av relevante fagfolk.
Gjennom presentasjonar, samtalar og verifikasjon av dokumentasjon fekk vi kjennskap til korleis Statoil handterer midlertidig festepunkt for stillas og andre påsveisingar for bruk under installering av utstyr og fabrikasjonsarbeid (heretter kalla løfteøyrer då dei er lastberande og må konstruerast, framstillast og kontrollerast deretter). Det vart nemnt eit tal på 35 000 løfteøyrer.
Ei bekymring er mengda og at det ikkje er gjort nok i design for å vurdere plassering og eventuelt om nokon skal bli verande og dokumentasjon av dette. Det vart gitt ulike motiv for å la nokre løfteøyrer vere, som til dømes arbeidsmengda med å fjerne dei og at det var muleg å nytte nokon av dei i driftsfasen. På den andre sida vart det nemnt vektauke og dokumentasjonsomfang som argument for å fjerne dei. Desse forholda var ikkje tilstrekkeleg klargjort i prosjekteringsfasen.
For utmattingssliping har ein til dels teke høgde for dette i design men prosedyre for utføring av slipinga var ikkje klar på tidspunktet for tilsynet. Vi fekk ikkje noko eksakt tal på omfang av slipinga, kvar dei er lokaliserte og korleis tilkomsten er. Referert standard NORSOK N-004 aksepterer i utgangspunktet ikkje at ein planlegg med sliping av sveis som tiltak for å auke utmattingslevetida.
Hjemmel
Avvikshandtering
Beskrivelse
Handtering og styring av avvik/unntak knytt til leveransen
Begrunnelse
Den ansvarlige skal registrere og følgje opp avvik frå krav i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga og ha ein plan for å handtere desse og gjere korrektive tiltak. Ved gjennomgang av dokumentasjon og gjennom samtalar vart vi informerte om avvik/unntak (Non conformance request – NCR) identifisert i fabrikasjonen ved HHI. Vi gjorde ikkje noko detaljert verifikasjon av NCRane i forhold til kva dei omhandla eller i forhold til fristar. Vi vart opplyst om at det var etablert 35 NCRar sidan oppstart av fabrikasjonen. 33 av desse var framleis opne og nokon var gått over fristen for lukking. Vi fekk heller ikkje eit klart svar på når ein forventa å lukke dei.
Hjemmel