Equinor har fått samtykkje til å setje opp ein lagerhall for stillas på Kårstø. Den skal plasserast i administrasjonsområdet og skal benyttast til lagring og vedlikehald av stillasmateriell.

Samtykket er gitt med heimel i arbeidsmiljølova §18-9 (1).

Kårstø

Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg ligg i Tysvær kommune i Rogaland.

Til Kårstø kjem rikgass og ustabilisert lettolje (kondensat). Prosessanlegget splittar desse straumane til væskeprodukt og tørrgass som blir transportert i røyrleidningar frå Kårstø til det europeiske kontinentet. Væska blir skild i separate kvalitetar og eksportert med skip.

Kjelde: norskpetroleum.no