Operatør: Equinor
Felt: Statfjord, Statfjord Nord, Statfjord Øst, Sygna
Annan informasjon: Samtykket gjeld bruk av innretninga Statfjord C og Statfjord satellittfelt utover den levetida og dei forutsetningane som blei lagt til grunn for PUD. Samtykket gjeld til og med 2040.
Statfjord
Statfjordfeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen på grensa mellom norsk og britisk sektor. Havdjupna i området er 150 meter. Statfjord blei påvist i 1974, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1976. Feltet er bygt ut med tre fullt integrerte betonginnretningar: Statfjord A, Statfjord B og Statfjord C.
Statfjord A, som er plassert sentralt på feltet, kom i produksjon i 1979. Statfjord B i den sørlege delen av feltet kom i produksjon i 1982, mens Statfjord C i den nordlege delen kom i produksjon i 1985.
Kjelde: norskpetroleum.no
Statfjord Nord
Statfjord Nord ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen, 17 kilometer nord for Statfjord. Havdjupna i området er 250-290 meter. Statfjord Nord blei påvist i 1977, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1990. Feltet er bygt ut med to havbotnrammer for produksjon og ei for vassinjeksjon, som er knytta til Statfjord C-innretninga. Produksjonen starta i 1995.
Kjelde: norskpetroleum.no
Statfjord Øst
Statfjord Øst ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen, sju kilometer nordaust for Statfjord. Havdjupna i området er 150-190 meter. Statfjord Øst blei påvist i 1976, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1990. Feltet er bygt ut med to havbotnrammer for produksjon og ei for vassinjeksjon, som er knytt til Statfjord C-innretninga. I tillegg er det bora to produksjonsbrønnar frå Statfjord C. Produksjonen starta i 1994.
Kjelde: norskpetroleum.no
Sygna
Sygna ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen, like nordaust for Statfjord Nord. Havdjupna i området er 300 meter. Sygna blei påvist i 1996, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1999. Feltet er bygt ut med ei havbotnramme med fire brønnslissar, kopla til Statfjord C-innretninga. Produksjonen starta i 2000.
Kjelde: norskpetroleum.no