Operatør: Gassco

Landanlegg: Kårstø

Annan info: Samtykket gjeld modifikasjonar som omfattar ny ESD-ventil, clamp-on flowmeter, Hg-analyse og filter for å fjerne kvikksølv (Hg) og hydrogensulfid (H2S).

Kårstø

Kårstø gassbehandlings- og kondensatanlegg ligg i Tysvær kommune i Rogaland.

Til Kårstø kjem rikgass og ustabilisert lettolje (kondensat). Prosessanlegget splittar desse straumane til væskeprodukt og tørrgass som blir transportert i røyrleidningar frå Kårstø til det europeiske kontinentet. Væska blir skild i separate kvalitetar og eksportert med skip.

Kjelde: norskpetroleum.no