Operatør: Equinor

Felt: Johan Castberg

Johan Castberg

Johan Castberg-feltet ligg i Barentshavet, 100 kilometer nordvest for Snøhvit-feltet. Havdjupna er 370 meter. Plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i juni 2018. Utbyggingskonseptet er eit produksjons- og lagerskip (FPSO) knytt til havbotnrammer med 18 horisontale produksjonsbrønnar og 12 injeksjonsbrønnar.

Feltet er under utbygging, og skal etter planen settast i produksjon i 2024.

Kjelde: norskpetroleum.no