Operatør: Equinor  

Felt: Sleipner Øst 

Sleipner Øst

Sleipner Øst ligg i den midtre delen av Nordsjøen. Havdjupna er 82 meter. Sleipner Øst blei påvist i 1981, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjend i 1986. Feltet er bygt ut med Sleipner A, ei integrert prosess-, bore- og bustadinnretning med understell av betong. Utbygginga omfattar også Sleipner R stigerøyrsinnretning, som knyttar Sleipner A til røyrleidningane for gasstransport, og Sleipner FL flammetårn. Produksjonen starta i 1993.

Kjelde: norskpetroleum.no