Operatør: Equinor 

Utvinningsløyve: 089 

Felt: Snorre og Vigdis 

Innretning: Transocean Spitsbergen 

Anna info: Samtykket inneber boring og komplettering av brønn 34/7-E-4 BH på Vigdis-feltet. Aktivitetane inneber brønnintervensjon for førebuing av sidesteg, samt boring og komplettering av ny brønnbane. Hovudmålsettinga med operasjonane er å etablere ein injeksjonsbrønn som gir trykkstøtte til produksjonsbrønn 34/7-H-1 AH, og på den måten held oppe  produksjonsnivået, samt å auke graden av utvinning for feltet.  

 

Snorre

Snorrefeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Havdjupna i området er 300-350 meter. Snorre blei påvist i 1979, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1988. Feltet er bygt ut med innretningane Snorre A i sør, Snorre UPA sentralt på feltet og Snorre B i den nordlege delen av feltet. Snorre A er ei flytande bore-, produksjons- og bustadplattform som er forankra til havbotnen med strekkstag. Snorre UPA er eit anlegg for undervassproduksjon og er knytt opp til Snorre A. Snorre B er ei halvt nedsenkbar integrert bore-, prosess- og bustadinnretning. Produksjonen frå Snorre starta i 1992.

Kjelde: norskpetroleum.no

Vigdis

Vigdisfeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen, mellom felta Snorre, Statfjord og Gullfaks. Havdjupna i området er 280 meter. Vigdis blei påvist i 1986, og plan for utbygging og drift (PUD) blei godkjent i 1994. Feltet består av fleire førekomstar, og er bygt ut med sju havbotnrammer og to satellittbrønnar som er kopla til Snorre A-innretninga. Produksjonen starta i 1997.

Kjelde: norskpetroleum.no